Felles overtrekksdrakter for idrettslaget
Posted by Samnanger IL on 22. Sep 2021
Idrettslaget har endeleg vorte einige om eit felles design for overtrekksdrakter og me hamna på same
design og leverandør som langrennsgruppa har hatt dei siste åra. Arbeidsutvalet vil sponse jakker og
T-skjorter som er dei produkta som best viser att, og kan brukast på tvers av mange grupper.
Me vil tilby tre produkt til sponsa pris:
Jakke med nettingfor («vinterjakke») – 925,- for vaksne / 700,- for born
Jakke utan for («sommarjakke») – 700,- for vaksne / 550,- for born
T-skjorte – 200,- for vaksne / 165,- for born
Dette er prisane for betalande medlemmar i SIL. For ikkje-medlemmar kjem eit tillegg på 275,- per
jakke og 175,- per T-skjorte.
For å få vinterjakkene til jul, må ordre sendast snarast, så ta kontakt med Trude Tysseland,
tlf: 92232325 / trudetys@gmail.com, seinast laurdag 25. september. Me vil ta opp ordre på
sommarjakker og T-skjorter seinare, i god tid før sommarsesongen, og kjem tilbake med informasjon
om dette.
Comments
Logg inn for å skrive en kommentar.